
Skal det bli nye poeng og jubel for Volda mot opprykksfavoritten Sverresborg, må dei kjempe som løver i kveldens kamp.
Region Midt-Norge valde Trondheimslaget
Sverresborg, som sin toppsatsingsklubb i forkant av denne sesongen. Dette som
ein ny strategi i regionen for å sikre Midt-Norge eit 1. divisjonslag komande
sesong. Laurdag møter voldakvinnene topplaget heime i Volda.
Spelar Volda opp mot sitt beste bør dei
likevel kunne utfordre Sverresborg om poenga. Ikkje minst med god hjelp frå eit
stort og entusiastisk heimepublikum, som spelarane set stor pris på (sjå
kampannonse i Møre). Det har vore mange tette og spanande kampar så langt denne
sesongen. Dette kan også fort bli ein kamp som blir avgjort i sluttsekunda.
Region Midt-Norge si satsing
I denne satsinga ligg det at
Regionskontoret/Handballforbundet støttar Sverresborg med faglige ressursar og
rettleiing gjennom sesongen. I tillegg blei dette laget styrka med heile 10 nye
spelarar denne sesongen, mellom anna som eit resultat av denne satsinga. Det
har nok likevel ikkje gått heilt som planlagt, så langt. Sverresborg ligg etter
åtte kampar på delt 3. plass, 2 poeng bak Utleira og Byåsen, etter tap mot
begge disse laga. Laget treng derfor full pott mot Volda og Spjelkavik denne
helga, for ikkje å bli hengande etter i opprykkskampen.

