Elisabeth Andreassen og Rein Alexander er begge store artist-namn på den norske stjernehimmelen med sterke karrierer på kvar sin kant.
Det er snart tid for Rein Alexander og Elisabeth Andreassen sin julekonsert i Voldakyrkja. No gir dei lokale talent under 16 år sjansen til å opptre saman med dei under konserten sin avslutningssekvens, “Deilig er jorden”.
Den heldige skal synge første vers ålene på Deilig er jorden, så syng alle tre andre vers, til slutt syng heile kyrkja og dei tre med på det siste.
- Dersom ein ønskjer å delta i konkurransen må man sende eit lydklipp der ein syng “Deilig Er Jorden” i versjonen Öhrwalls som går i Eb dur til epost konkurranse@julenatt.no! I tillegg må ein skrive litt om seg sjølv og legge ved kontaktinfo. Den som vinn får opptre med Elisabeth og Rein, seier Kristina A. Nordbæk.
Rein og Elisabeth har kvar for seg spelt julekonsertar i ei årrekke. Dei snakka lenge om å få til eit samarbeid, og i fjor vart det endeleg realitet. Turnéen vart ein stor suksess med over 15.000 selde billettar. I år legg dei ut på ein endå meir omfattande juleturnè.
Turnèen startar i Bergen den 25. november, til Volda kjem dei 4. desember.

