
Fredag reiser Fred Richard Johansen frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, for å få med seg cupfinalestemninga og sjølve kampen.
Søndag er det cupfinale mellom AaFK og Molde. Fred Richard Johansen har vore så heldig å få tak i dei etterlengta billettane til kampen. Og kven vinn....?
– Eg har tru på at AaFK kjem til å vinne. Som dei fleste seier ”ein cup er ein cup” og alt er mogeleg. Om AaFK verkeleg gjer sitt beste og Rekdal har nokre knep på lur har dei god sjans, seier ein optimistisk Johansen som har ope sinn. – Men det som er viktig er at ein har det kjekt og eg gler meg veldig til den gode stemninga og det å få oppleve cupen saman med dei andre supporterane.

