Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Profesjonelle amatørar realiserer musikkdraumen


I studio: Thoralf Ruud (tv), lydstudioeigar Svein Erik Åmås og Dagfinn Slettevoll.

Han er ein svært allsidig hobbymusikar med mange ferdigheiter. Faktisk i slik breidde at han kunne ha spelt inn ei plate med berre eigne musikkstemmer. Og det med eiga plate har vel vore ein av gutedraumen hans. No etter eit langt svangerskap vert draumen realitet.

”1 - Tilbake til start”, heiter den splitter nye skiva til D. S. Sauter  Prosjekt der Dagfinn Slettevoll, Thoralf Ruud og Øystein Skattebu er med. Tittelen betyr rett og slett å gå tilbake til starten då Dagfinn og gutane i ”The Times” herja scenene på Søre Sunnmøre og Nordfjord.
- ”The Times” var eit danseband med eit litt meir rocka repertoar enn kva eit tradisjonelt danseband skal ha. I tida 1982-88 fekk vi faktisk lov til å spele høgt.  mimrar Dagfinn med hjelp frå mangeårig musikarkompis Thoralf Ruud frå Syvde. – Du var faktisk den einaste som ikkje var frå Syvde, seier syvdingen om rovdestrandingen Dagfinn.

Progressiv rock
Men tilbake til den nye skiva, med låtar henta heilt tilbake til start.
– Det var litt anna repertoar enn kva som blir presentert på den nye CDen. Musikkstilen min har utvikla seg til det ein kallar progressiv rock, som er ei blanding av rock,pop, jazz og klassisk. Utgangspunktet var grupper som Ekseption, Focus og Beatles. Ein må heller ikkje gløyme dei klassiske komponistane der Johan Sebastian Bach er den største favoritten, med Edvard Grieg. Det ber også musikken min preg av. Eg har vel stole litt her og der, seier Slettevoll der han sit avslappa og mimrar i studioet til Audiofarm Studio Svein Erik Åmås.
- Det heiter ikkje stole, du er blitt inspirert, rettar Svein Erik Åmås og flirer. Han har miksa saman låtane etter at spor for spor har blitt spelt inn. Enten heime hos Dagfinn i Klokkarvegen i Volda eller i studioet som ligg i Åmdalen. Den første låten er innspelt i 2007, den siste i 2008. På låtane spelar Slettevoll både gitar, piano, bass og trompet, i tillegg til diverse vokal. Thoralf har kontroll på trommevirvlane og takta.

Etter nattevakt
- Du skjønar det har tatt litt tid, må Dagfinn innrømme. Grunnen er ganske enkelt den at sjukepleiaren har ein trygg jobb med fast inntekt, barn og kone. På spørsmål om når han då har hatt tid til låtskriving og komponering svarar han at etter ei nattevakt er han faktisk mest kreativ. – Då er det stille i heimen etter at alle har gått og morgonen blir til dag. Då er det veldig vanskeleg å gå forbi pianoet, eit tysk Sauter. Derav namnet på cd-prosjektet: D. S. Sauter Prosjekt, forklarer Dagfinn.
- Ja, D. S. står for Dagfinn Slettevoll, skyt musikkompisen Thoralf forklarande inn og let det skine gjennom at både han og Åmås synes Dagfinn er litt audmjuk overfor både eigen musikkompetanse og at det faktisk er den musiserande sjukepleiaren sitt eige prosjekt som han har lagt ned mykje arbeid i.
- Eigentleg er dette eit dugnadsprosjekt med god innsats frå mange personar, rettar Dagfinn.

To trommeslagerar
- I tillegg til Thoralf på slagverk, har vi også hatt med Øystein Skattebu på slagverk. Vel og merke på ulike låtar. Lista er elles lang: Ragnhild Engeset på fløyte, Øystein Salhus på fiolin, Øyvind Krøvel på trompet, broren Magne Slettevoll på piano og Olbjørn Øyehaug med prat. Kjell Rune Klubbenes har stått for den endelege utforminga av CD-coveret.

40 års krise?
Dagfinn må innrømme at han ikkje er så veldig glad i stor merksemd. – Men når det gjeld musikk er det ok, forsikrar han.

- Og kva vil du med CDen?
- Det er no litt kjekt om andre vil høyre på og kanskje like amatørprosjektet mitt, seier han.
På nytt får han smil frå dei andre to karane i studio som synest han er altfor smålåten.
- Ok då. Å spele inn CD er vel ofte nettopp ein gutefraum, både for meg og for Thoralf. No er det endeleg gjort, forklarer han. – 40-års krise? Ja, kanskje.

Draumen…
Draumen til Dagfinn er ikkje å bli storkjent popstjerne, eller ein lokal popkjendis. Det å skape musikk, eksperimentere med den før det ligg føre eit ferdig resultat  er som balsam for han og tek mykje av tida hans. Trass alt, ferdig er vel kanskje å ta i litt drygt. Fleire av låtane han har teke med frå 70/80-åra står fram i ny drakt. Tekstar han ikkje var samd i då er omgjort og finslipte slik han vil ha dei. I eit refreng gjer han det ganske klart at det er ingen grunn for deg til å bry deg med teksten i denne songen.
- Det er eit lite innspel til tekstdiskusjonen i ”The Times”, forklarer Thoralf.
Karane i studio flirer.
- Den store draumen måtte vere å spele inn rock med symfoniorkester, drøymer Dagfinn som brått vaknar. - Det ville vere alt for mykje jobb å skrive alle stemmene…
- Du har vel lagt merke til at plata heiter ”1 – tilbake til start”. Kanskje vert det ”2 - ….”, pirrar Thoralf…

Ebbar ut
I det den siste og ellevte låten på cden er i ferd med å ebbe ut over høgtalarane i studioet er vi komne heilt tilbake til start. Tonane i siste delen av ”Barneåra” stilnar hen. Når den litt hese stemma til Olbjørn Øyehaug stilnar er det heilt klart hestehovar og musikken til ein kjent Western-serie på TV frå 70-talet, som tonar ut… Refleksbevegelsen syter for at CDen vert sett tilbake til start for å bli spelt ein gong til…
Og kven veit, kanskje vert det ein oppfølgjar. Den første plata til D.S. Sauter Prosjekt er lagt ut for sal  og er å finne hos fleire butikkar rundt om kring på Sunnmøre.


CDen er eit dugnadsprosjekt, fortel Dagfinn Slettevoll.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.