Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Revysuksess i Hovdebygda


Ein legg ikkje på sym over Voldsfjorden når det går ferje, og utan å bli laga revynummer av.

Hovderevyen er tilbake igjen,  og  i revyen dei  spreier glede med no, let dei det gå som dei har gjort i heile si tradisjonsrike karriere. Som vanleg samlar dei fulle hus og folk ler og får sjå lokal kultur frå ei ny side.

Revysjef Mads Ryste og resten av dei idèrike kulturberarane bak Hovderevyen bør vere kjempenøgde. Dei har oppnådd det dei ville med revyen. I massevis. Dei har fått publikum til å le seg krokete, dei har skapt glede og dei har fått folk til å undre seg over lokalkulturelt levesett, sett frå nye vinklar.

Det er elles ein revy som ingen bør ha grunn til å føle seg støytt av. Det sjølv om det vert hevda at Frp-Dale heller vil ha bordell enn hotell i Volda. Og elles er det i revygjengen sine auge kanskje slik at innovata-prosjektet er like godt eigna til revytema som til kulturhusutvikling…

Vidare legg ein ikkje ”ustraffa” på sym over Voldsfjorden i styggevèr  i staden for å løyse billett på ferja. Og sjølvsagt slepp ein heller ikkje unna å bli gjort revynummer av om ein poltilsett prøver å stoppe ein respektabel innbyggar frå å kjøpe seg litt ”sterkt”,  med grunngjeving om at han verkar litt blass i augene.

Sjå stor reportasje i Møre torsdag 29/10.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.