
Ut frå start under dei innleiande rundene: Høgre sitt lag til høgre og Ap rett bak.
Årets
Voldakamp fekk fleire vinnarar og ikkje minst var det god
underhaldning. Det raskaste laget, til høgre på fotoet, valde
Ungdommens Røde Kors og Volda skulekorps som verdige mottakarar av
prisen dei fekk æren av å fordele.
Det raskaste laget fekk mellom anna kr. 2.000 som skulle givast til eit frivillig lag i Volda. Valet deira fall på Ungdommens Røde Kors og Volda skulemusikk.
Volda Skulemusikk tok prisen for beste kostyme, Det må også nemnast at dei viste ein fantastisk innsats med å frakta isoporklossen over innløpet av moloen i Volda sentrum.
Beste heiagjeng vart klasse 7 A og B frå Bratteberg skule. Dei heia på læraren sin Håvard Strand (Krf), men også alle andre.

