
Søkkrike og feilfrie Steinar er ferskingen i
Klypasuksessen. Han driv treningssenter og gjev kundane spesielt god, kroppsleg
oppfølging
I år er fjerde året på rad at brødrene Thomas og Hans Vegard Ryste saman med Knut Steinnes lagar det kanskje mest populære showet i Ørsta-traktene. Med rånaren Palle i Klypa, hissigproppen Kjell og treningshingsten Steinar var laurdagens framsyning eit bevis på at showet på langt nær er gått ut på dato. Og oppskrifta bak suksessen er enkel.
- Vi plukkar opp fakter frå menneske vi ser eller møter og miksar det saman, fortel Thomas.
Dei som ikkje fekk med seg showet laurdag får høve til dette den næraste tida

