
Fredag kvalifiserte Sigurd van Dijk
Festøy og Jonas Kvalen seg for sluttspelet under europameisterskapet i sandvolleyball.
Dei to 17 år gamle gutane spelar i U18 og møtte tøffe motstandarar i puljespelet. Dei to første kampane gjekk mot Ukraina og Polen, begge desse tapte dei 0-2. I den siste kampen i puljespelet møtte dei eit sterkt lag frå Russland, men Volda-gutane var sterkare og slo dei 2-0.
Dermed kvalifiserte dei seg for sluttspela i Europameisterskapen i volleyball for U18.
Jonas Kvalen og Sigurd van Dijk Festøy frå Volda representerterte Noreg under sandvolleyball-EM U18 i Portugal 23.-26. juli 2009.
Etter tap mot Hellas og Tsjekkia i sluttspelet, vart dei til slutt nr. 13 i EM.

