Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Åmdal mot Ørsta på Legene 16. mai


A-lag – Lagbilete: Bak frå venstre: Tore Liaskar, Arnt Egil Brautaset, Svein Erik Grevsnes, Einar Nybø, Robert Kolås, Erling Taftesund.
Midtrekka frå venstre: Jan Magne Leira, Richard Olsen, Jan Erik Hestholm, Frode Ose, Sigurd Nybø, Jomar Leknes, Terje Rebbestad. Øystein Nybø, Ole Andre Rebbestad.
Framme frå venstre: David Tvergrov, Paul Erik Rebbestad, Henning Nybø, Halvard Aambø, Torbjørn Sande, Eldar Vatne, Kai Henning Leira, Øystein Fet.
Ikkje til stades: Frode Fuglehaug, Bjarne Austerheim og Kjetil Hovdenakk.


Laurdag 16 mai møtast ÅMDAL I.L Fotball og ØRSTA I.L Fotball  til seriekamp i fjerdedivisjon i Åmdalen på Legene gras. Dette er ei ”storhende”.

For første gang i historia møtast Åmdal og Ørsta i innbyrdes seriekamp. Det må uten tvil vere den største begivenheita i Åmdalen sidan Vassendgutane slo til med brask og bram og vart ”verdskjende.”
Åmdal er den bygdeklubben i Ørsta kommune som opp gjennom tidene har ”oppfostra” flest spelarar med ”høgare” ambisjonar til ”storebror” Ørsta. Stein Aam, Hallgeir Aam og Kjell Einar Dagfinnrud er tre av dei. Fleire ”store” spelarar har minst ein fot i begge leirar og skjelve nok bra i brokja. Alt ligg til rette for årets prestisjeoppgjer med store nervar i begge leirar. Åmdal har på det jamne publikumstal på om lag 40 – 80 tilskodarar på heimekampane.
Tidligare publikumsekord på Legene er sannsynlegvis rundt to hundre tilskodarar.
- Til kampen 16. mai har vi i gang ein eigen arrangementskomite som skal legge til rette for ein folkefest som vi aldri har sett maken til fram på ”Dale”, seier Rune Standal i Åmdal IL. Han lokkar med gode parkeringsforhold på grusbana like ved arenaen, open kiosk og musikalske innslag frå skulekorpset i bygda.


Kaptein Frode Ose og spelande  trenar Svein Erik ”Rikken” Grevsnes.


Kai  Henning Leira har skåra alle tre måla til Åmdal dei tre første seriekampane.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.