
Pastor Hans Reite i meinigheita Nytt Livs Senter, er
sjokkert over at Røde Kors Ungdom deler ut store mengder kondomar. – Dette er indirekte
oppmoding til hor og ei moralsk utgliding, seier han i eit lesarinnlegg i Møre
torsdag 14. mai.
- Det var sjokkerande å lese i Møre tysdag 12. mai at Røde Kors Ungdom delar ut store mengder kondomar til skuleungdom og gir "kondom-lappen". Er det dette "raudekrossen" står for? spør han og opplyser om at sex høyrer til innanfor ekteskapet sine rammer. - I staden for kondomar så vil vi vere med å dele ut Nytestament på skulane til hausten.
På oppmoding har vi lagt inn heile lesarinnlegget, som stod i Møre torsdag 14. mai:
"Det var sjokkerande å lese i Møre tysdag 12. mai at Røde
Kors Ungdom delar ut store mengder kondomar til skuleungdom og gir
"kondom-lappen". Er det dette "raudekrossen" står for?
Organisasjonen vart opprinneleg starta av ein kristen mann, og difor tok han med
krossen i merket. Med dette er Røde Kors med og oppfordrar til umoral blandt
ungdom! Det går ikkje an å vere nøytral slik det står i stykket. Seksuallivet
mellom mann og kvinne høyrer ekteskapet til. Dette er noko vi må lære borna
våre. Ein skal frykte Gud og halde hans bod. Det er det viktigaste i livet.
Horkarar og ekteskapsbrytarar skal Gud dømme, seier Bibelen. Kvar er gudsfrykta
i dag? Landet vårt har vorte bygt på gudsfrykt og nøysomheit, men dette vert
forkasta. Vi skal snart feire 17. mai med friheit og fred, men eg er redd at
med denne utviklinga så vil det ikkje vere så lenge før denne friheita vert
tatt frå oss. Det er på tide at vi ser farane og vender om! Det er skammeleg
lesnad om " kondom-lappen", og vi er mange som håper at dette vert
trekt tilbake. Kva er alternativet? I staden for kondomar så vil vi vere med å
dele ut Nytestament på skulane til hausten. Eg har vorte med i organisasjonen
"Gideon" som delar ut Biblar i 88 land i verda. Guds ord er mektig
til å reinse våre sjeler, og gi kraft til å leve eit reint liv i seier over
synd som utukt og hor. Ved Den Heilage Andes kraft så kan ein leve eit
harmonisk liv utan rus , og leve i fred med Gud og medmennesker. Det vi
treng er ei stor kristen vekkjing der folk vert fødde på ny! Vend om før det
vert for seint!
Hans Reite"

