
Tom Erik (18) er ”prevensjonssjef” og har ansvar for å dele ut kondomar til medruss. Han bestod ”kondom-lappen” utan problem, og fekk strykemerke til å ha på russebuksa si.
Måndag ved lunsjtid stilte Røde Kors Ungdom seg opp i vrimlearealet ved Volda vidaregåande skule. Med seg hadde dei rikeleg med kondomar og informasjon til elevane.
Russen og andre elevar på skulen fekk tilbod om å ta ”kondomsertifikatet”. Dette sertifikatet er tredelt, og består av ein teoridel, og to ulike praktiske delar. Ved bestått prøve har ungdommane vist at det kan nytte kondom, som er det einaste prevansjonsmiddelet som beskyttar mot kjønnssjukdommar.
- Norske ungdommar er verdsmeistrar i ubeskytta sex, og dette prøvar Røde Kors Ungdom å gjere noko med, fortel Espen Andrè Breivik (16), leiar i Volda Røde Kors Ungdom.
Ansvar
- Vi oppfordrar ungdommane til å ta eit aktivt val
kring si eiga helse; såleis må vi gjere kondom til noko som ikkje er flaut, og
lære ungdommane å bruke prevansjonsmiddelet rett, held Breivik fram. Han fortel
vidare at prevensjon og seksuell helse får altfor lite merksemd i skulen i dag.
Røde Kors Ungdom har difor teke på seg oppgåva.
- Organisasjonen delar ut gratis kondomar og kursar ungdom over heile landet. Dess tidlegare vi når ungdommane, dess betre effekt, trur Breivik. Han understrekar at Røde Kors korkje oppmodar til, eller åtvarar mot sex.
- Vi held ein heilt nøytral profil, og driv berre med opplysning, slår han fast.
Morosamt
Det er lagt opp til at ungdommane og russen skal gå
opp til ”kondom-lappen” for å gjere læringa morosam og få med flest mogleg.
- På fyrste stasjon får deltakarane lese ”kondomvettreglane”, og så går dei vidare til den praktiske prøva, forklarar Breivik. Der skal ungdommane vise at dei hugsar reglane, og at dei klarer å bruke ein kondom i praksis.
- Til sist har vi det vi kallar ”mørkekøyring”, som er
nyttig å kunne dersom ein har sex i mørket. Då skal ungdommane vise at dei kan
tre på ein kondom utan å sjå på, seier Røde Kors-leiaren.
- Enkelt i
mørket
To av dei som tok prøva var Mia Constance (16) og
raudrussen Tom Erik (18).
- Det var litt vanskeleg å tre på kondomen på den store gummimodellen, for den sat ikkje skikkeleg fast i bordet, gliser Mia Constance. Sliksett tykte ho ”mørkekøyring” var enklare, for der var det brukt ein mindre dildo, og den sat godt fast.
- Oppgåva var eigentleg enklare enn forventa, konkluderer ho, og meiner det er bra at Røde Kors stiller opp og lærer ungdommen om slike ting.
Tom Erik pådrog seg nokre luftbobler under gummien på fyrste forsøk, men også han klarte seg bra i mørket.
- Det er viktig å kunne om prevensjon, ellers kan det fort bli problem, slår han fast.
For dårleg
Tom Erik har russetittelen ”prevensjonssjef”, og har
såleis fått 500 kondomar før russetida tok til. Desse har han delt ut rikeleg
av under russe-samankomstar, og han vonar arbeidet hans har bidrege til sikker
sex blant russen.
- Seksualundervisninga ved skulane er ikkje god nok. Sist vi hadde om temaet var i tiande klasse, og på vidaregåande har det ikkje vore noko informasjon av denne typen, forklarar han, og legg til at dette er for dårleg. Alle russane som bestod testen fekk utdelt strykemerke til å ha på russedressen, samt eit lite kort, ”kondom-lappen”, til å ha i lommeboka.

