Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

- Stor skade av kommunalt omdøme


Saka om å ta den lovpålagde fruktserveringa frå skuleelevar i kommunen, kan på ulike måtar ha kosta kommunen meir enn det både epla og lønsauken til kommunetoppane har kosta, meiner ørstingen Nickolass Jensen, som har undersøkt kva omfang saka har fått på Internett.

- Dette var veldig trist for Ørsta. Politikarane kan ikkje ha visst kva dei har gjort. Med det fokus saka om skulefrukt har fått, har det skada Ørsta kommune sitt omdøme for lang framtid. Og endå verre; - det går ut over sjølvkjensla og stoltheita til innbyggarane, og det medverkar til å redusere tilliten til dei som no styrer i kommunen!

Kraftsalven mot politikarane og administrasjon etter deira handtering av skulefruktsaka, kjem frå ein som veit meir om omdømebygging enn dei fleste. Og denne personen har ørstingane midt mellom seg, -i Vikegata i sentrum.
Nickolass Jensen har spesialisert seg på kommunikasjon og det å vere synleg på Internett, i sosiale media, webanalyse og webmarkedsføring. Han er utdanna mediekoordinator og driv kontor for rådgjevingstenester i Vikegata med bedrifta Mediakoordinator og på nettstaden Nettpilotene.no.
 Med ein gong saka fekk fokus i riksmedia, -der politikarane i Ørsta vil kutte ut den lovpålagde ordninga med å gi skuleelevar frukt, gjekk Jensen inn og registrerte kva omfang saka fekk på nettet. Og det han har registrert, og det han kunne sagt frå om på førehand, gjer at han stiller spørsmålet om politikarane veit kva dei har gjort. På nettstaden  har han skreve blogg-innlegg om skolefruktsaka der han rett og slett spør; -kva no Ørsta? I fagleg samanheng dreg Jensen fram  denne skulefruktsaka som eit eksempel på overvaking av omdøme via sosiale medier. Og det han registrerer er langt frå bra for kommunen.

Ikkje lenger gløymt i morgon
- Det vi vanlegvis tenkjer om slike negative oppslag i avisene, er at vi gløymer raskt. Slik er det ikkje lenger. Dette er no saker som vert liggande på nettet, og vil for framtida setje eit negativt fokus på Ørsta kommune.
- Når det gjeld omdømebygging er det også ein tommelfingerregel at når det gjeld ei god nyheit, så vert denne spreidd og hugsa av 2 til 3. Når det gjeld ei dårleg nyheit derimot, må ein gange dette opp med 10 minst, minner Nickolass Jensen om.
- Dette er også døme på ei sak som også vil ha endå meir alvorleg konsekvens. Det er noko som meir eller mindre ubevisst går ut over sjølvkjensla til innbyggarane. Og det har med innbyggarane sin tillit til kommunen og politikarane å gjere, konkluderer han.

Ikkje i tråd med målsetjing
Kva denne skaden av omdøme har kosta kommunen  der politikarane har sett som mål å trekke til seg fleire innbyggarar, veit ikkje Jensen å svare på. Men forsikrar at det har kosta.
- Det er vanskeleg å måle verdien av image i kroner og øre, men ein treng ikkje å kunne litt enkel matematikk for å forstå at her har det gått litt meir enn 10 kroner eller eit eple tapt…
At leiande helsesøster i Ørsta no også har gått ut i media og uttalt at Ørsta kommune raserer tilbodet til barn og unge, gjer sjølvsagt ikkje denne saken betre. Ein kan godt tenkje seg at barnefamilier som vurderer å flytte til Sunnmøre, kan bli påverka av denne negative omtalen og velje å flytte til andre kommunar i regionen, registrerer han.

Skrekkens eksempel
Jensen legg på bloggen sin ut oversikt over kor omfattande negativ omtale denne saka har skapt på nettet.
- At bygdebarnet Thomas Ryste var på Frokost TV same morgen på ein svært positiv måte, har derimot fått minimal merksemd.
Den negative saka om nei til skulefrukt, -sett opp mot stor lønsauke, er nemnt i Nyheitene, på TV , i den skriftlige utgåva av VG, og i mange, mange fleire ulike nettmedier.
- Dette var berre eit par eksempel på landsdekkande online medier og dei første to sidene på Google med nettaviser - det finst mange fleire. Mange av desse er lokalaviser som vert drivne av same eigar og nyttar same presseutklipp frå VG/NTB. Det verkar for meg som historia vert nytta som eit eksempel på korleis ein ikkje bør utøve signalgjevande politikk i eit kommunestyre, bloggar Jensen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.