Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Ny rekord for Rema 1000 cup


Taktikk-prat under Rema 1000 Volda cup i 2007. Bjørn Bjørneset jr. instruerer troppene. (Foto: Sigbjørn Lid.)

Årets Rema1000 Volda cup blir den største nokon gong! Det er klart etter at 140 lag har meldt seg på turneringa. Det betyr at over 1.300 spelarar og endå fleire tilreisande blir å sjå i Volda og på Stadion helga 24.-25. mai. - Truleg kjem det 3-4.000 tilreisande til Volda denne helga, meiner Volda fotball.

Dette kom fram på eit møte som Volda Fotball hadde på Klubbhuset torsdag for å samordne det store apparatet som trengst for å arrangere ei av dei største fotballturneringane på våre kantar. Det blir til tider spel på 8 baner samtidig. Deltakarane kjem frå Jølster i sør til Haram i nord, og samanlikna med i fjor er det 25 fleire påmelde lag. Jentelaga står for ca 40 prosent av dei påmelde laga, og det er nok eit prov på at stadig fleire jenter har lyst å spele fotball.

Under kontroll
Cupgeneral Jon Ove Høydal virka avslappa no to veker før cupen og virka å ha det meste under kontroll. Volda fotball mobiliserer foreldre frå alle sine grupper for å kome i mål med Rema 1000 Volda cup. Dei eldste spelarane i klubben vil bidra som dommarar, sitje i sekretariat og å rydde etter turneringa.

Sterk vekst
Rema 1000 Volda cup har hatt sterk vekst dei fire åra turneringa har vorte arrangert, og cupgeneral Jon Ove Høydal trur det heng saman med at turneringa ikkje er spesielt dyr å vere med på, og at kampane blir arrangert nokså konsentrert slik at det ikkje blir mykje venting for spelarane, lagleiarar og foreldre. Det kan også ha litt å seie at alle kampane blir arrangert på kunstgrasbaner.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.