Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Stjernetreff for Volda-jente

Maria Elena Kvalen er godt etablert på toppserielaget Sandviken. I siste kamp sette ho inn sigersmålet. Laurdag kjem ho til Ålesund for å spele mot Fortuna.

Maria Elena Kvalen(24) frå Volda vart sist fredag fotballkjendis i Bergen. Ho spelar på toppserielaget Sandviken, og med eit stjernetreff frå midtbana skåra ho målet som ga laget deira første siger i årets sesong.

Etter tre kampar der beste resultat var ein uavgjort kamp, tok dei 1.mai imot trønderlaget Kattem.

På stillinga 1 – 1 fekk Maria Elena Kvalen eit draumetreff då ho scora frå midtbanen og avgjorde kampen 2-1 til fordel for Sandviken. Toppseriekampen mellom Bergenslaget Sandviken, der Kvalen er fast på laget og trønderlaget Kattem, gjekk på Stemmemyren stadion i Bergen. 

Maria sørga for at Sandviken fekk årets første siger då ho scora frå om lag 50 meter. Begge dei store Bergensavisene skriv om kampen i sine laurdagsutgåver.

I Bergensavisa BA står det mellom anna at: "Midtpunktet i den glade Sandviken-gjengen etter kampslutt, var selvsagt "skytterprisessen" fra Volda. For etter ein times spill, på stillingen 1-1, fikk 24-åringen tid til å sikte fra fra midtbanen. Kvalen var bare noen meter innpå Kattems banehalvdel, men løftet ballen elegant over en feilplassert Ingvild Johansen i trøndernes mål, og avgjorde dermed kampen. Og det er ikke første gang hun scorer fra langt hold. Nei, i gamle dager - da jeg spilte på midtbanen - hadde jeg noen mål fra distanse. Men det var vel aldri så langt ute som dette, ler høyrebacken."

Etter denne sigeren ligg dei over Fortuna frå Ålesund på tabellen, og nettopp Fortuna er de dei skal møte i neste seriekamp.

Komande laurdag 9. mai, kjem Sandviken og Maria Elena Kvalen til Ålesund for å spele mot Fortuna.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.