
Eit tynt skydekke framfor månen gjer det heile berre litt meir mystisk.
Tysdag kveld openberra vergudane seg for nordvestlendingane. Måneskin og puddersnø.
Tysdag var det stor utfart til fjells. I Volda var eit av hovudmåla Melshornet og sjølv lenge etter mørkets frambrot var det ein jamn straum. Då mre.no forlet toppen rundt kl. 22 var det enno folk på veg opp. For med flaumlys frå månen og kvite, rolege fjellsider spelar det ikkje noko rolle kva tid på døgnet ein går på fjelltur.
