KFUM-Volda U17 som fekk sølvmedaljer etter finaletap for Blindheim i KM U17 (PS ! Jentene har to medaljer fordi dei også no fekk utlevert sølvmedaljene dei vann i KM U19 i desmeber 2007)
Bak frå venstre : Guro Bjerkhagen Standal, Marie Humberset, Edsa Morales, Synnøve Flugekvam Nordang, Marie Bøe Hunnes, Katinka Øvregård, Sofie Berg-Rusten (som vert oppmuntra av småsøsrene sine; Regine og Rakel)
Framme frå venstre : Ingrid Festø, Birte Haddal og Sigrid Marie Mo
KM-finalen i Jenter U17 mellom Blindheim og KFUM-Volda i Blindheimhallen laurdag vart aldri så jamn og spennande som ein hadde håpa på. Fleire av jentene på Volda-laget hadde i den siste veka før denne viktige kampen vore sjuke, og måtte halde senga i staden for å trene. I tillegg måtte laget sin faste oppleggar, Sofie Berg-Rusten, stå over grunna feber. Difor var det eit noko redusert Volda-lag som stilte i denne KM-finalen. Blindheim fekk lett spel, og vann finalen som dei ville. Sluttresultatet vart 2:0 (25-18, 25-14)
Det har vore mange jamne og harde kampar mellom KFUM-Volda og Blindheim i denne sesongen, og voldajentene har nok korta ned på Blindheim sitt forsprang. Men i slike toppkampar, kjem Blindheim sin breidde i spelarstallen ekstra godt med.
Ein Blindheim-spelar (med mange Volda-gener!!!) utmerka seg i denne kampen, og det var Line Ellingsen Ranheim. Ho hadde full kontroll i servemottak, og la grunlag for eit variert og flott angrepsspel frå Blindheim si side. I tillegg har Line sjølv ein sterk serve, og er smart som angrepsspelar. I finalen fekk ho etterkvart følgje av fleire som sto fram med solid spel; særleg merka vi oss mykje flott samspel mellom oppleggar Eline Kavli Nygård og senterspelar Nastasia Vieux.
På eit litt redusert Volda-lag, ”vikarierte” Birte Haddal som oppleggar. Ho gjorde ein god innsats i denne viktige og vanskelege rolla. Birte er til vanleg laget sin hovedmottakar, men er svært allsidig, og kan gjere nytte for laget på fleire posisjonar. Elles fekk både Katinka Øvregård og Sigrid Marie Mo ved fleire høve vist at dei har hatt god framgang i denne sesongen. Synnøve Flugekvam Nordang held også fram med å imponere – trass at ho først kom med på dette nivået i fjor haust, har ho etablert seg som ein stødig spelar, både i angrep og forsvar.

