
Stort, flott lokale med tilsvarande stort og
flott publikum.
Søndag ettermiddag heldt damekoret Lyst og Vyrde Mannskor korkafé på Berte Kanutte-huset. Dei mange frammøtte fekk oppleve både eit program og ein kafebuffet med både høg kvalitet og stor variasjon.
Berte Kanutte-huset er eit spanande lokale for
denne typen arrangement. Rommet er stort, med mange søyler og liknande, som
bryt opp akustikken, og sjølv om det er store flater for lyden å ”sprette” frå,
så vert klangen forholdsvis tørr, og kler godt musikk med eit visst tempo.
Visuelt er det også eit godt lokale.
Både Lyst og Vyrde Mannskor er av den typen kor som har eit stort fokus på show-aspektet. Alle songarane står i ein halvsirkel vendt mot sin respektive dirigent når dei syng, og brukar ikkje notar. Denne typen kor spelar også mykje på dynamikk og tempovariasjon, og er dermed avhengig av å ha ein dirigent som får formidla det ein vil ha fram, og som har det glimtet i auget i formidlinga til koret som dei vil at koret skal formidle til publikum. På dette punktet viste begge dirigentane, Nina Vedeld Telseth for Lyst og Øyvind Granden Berg for Vyrde Mannskor, framifrå formidlingsevne.
