Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Død person funnen i Elvadalen

Lensmann i Volda, Jostein Vatne, i ferd med å stenge av Elvadalen. - Det er alt for tidleg å seie noko om årsak til dødsfallet, seier han. Dermed er det ei rutinemessig avstenging politiet har gjort.

Påskeaftan før kl. 12.00, vart ein død mann funnen i ei elv i Elvadalen.

Det var ein turgåar som fann personen liggande i elva. Ambulanse og politi vart tilkalla og rutinemessig stengde politiet av området rundt funnstaden.

Politiet kjenner identiteten til mannen og jobbar med å varsle pårørande.

- Det er ingen ting som tyder på at det er noko kriminelt knytt til hendinga, seier lensmann i Volda Jostein Vatne og opplyser at alderen til mannen er rundt 50 år.

Laurdag ettermiddag var ei av politiet sine hundeekvipasjar, frå Ulsteinvik, i ferd med å bli sett inn i søk langs elva og i området rundt funnstaden.

Elvadalen er eit populært turområde og det er laga til god gangveg gjennom dalen, ved sidan av Øyraelva. Ut og inn frå hovudelva renn det fleire små elvar. Det var ved ei bru over ei av desse mannen vart funnen. Funnstaden ligg nest nede i turvegsystemet.


Pila markerer funnstaden

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.