
Gunn
Fremmerlid-Brandal, Dortea Woldsund, Bente Geitvik, Aashild Anna Vartdal og
Lilly Vartdal er fem av seks damer som går for tur til Munchen.
Seks spreke damer frå Vartdal har lagt ut på langtur. Steg for steg kjem dei kvar dag nærare og nærare Munchen.
I konkurransen Dytt som damene er med på, kan ein velje seg eit reisemål ein skal nå, registrere tal på steg per dag og vinne tur. Slik skal Gunn Fremmerlid-Brandal, Aashild Anna Vartdal, Bente Geitvik, Lilly Vartdal, Dortea Woldsund og Anne Grete Barstad kome seg til Munchen. Dei jobbar i lag på SFO ved Vartdal Skule og det var Bente som drog med seg dei andre fem. Dette angrar ingen på.
– Livet er jo snudd
på hovudet for oss, er dei einige om.
Kvardagstrim
Dei seks damene har
bokstaveleg talt gjeve heile området bein å gå på, for etter at dei melde seg
på konkurransen sjølve har dei fått med to lærarlag frå Vartdal skule og eit
frå Ørsta ungdomsskule.
- Vi er gira på å slå
Ørsta og eg trur vi ligg rimeleg godt an, innrømmer dei ivrige turgåarane. Og
strategien er klinkande klar. Trimmarane brukar nemleg kvardagslege sysler til
å oppnå høgst mogleg tal på steg.
- Vi går på butikken,
går til posten, ja, alle slike ting som vi før køyrde til, fortel Bente før
sprekingane ser lurt på kvarandre.
- Dessutan er det
slett ikkje enkelt å sleppe unna med ting i friminutta når vi har vakt. For å
få mest mogleg steg er vi jo over alt.
I tillegg til iherdig
innsats i kvar vakne time av døgnet møtes damene til felles trim nokre gonger i
veka, anten i symjebasseng eller ut på tur.
Damene ligg no på 6.
plass i konkurransen på landsplan, og sjølv om tur til Munchen freistar, er det
ingen tvil om at det er andre fordelar som er den største premien.
- Vi blir jo så
blide, ler dei og fortel at karane heime er godt nøgde med innsatsa. – Dei er
ganske kry av oss, slår Lilly fast før trimmarane blir einige om at dei òg er
litt misunnelege. For det er ikkje tvil om at damene er vorte spreke. Veldig
spreke.
- Ein merkar det så
godt i kvardagen, alt blir liksom mykje lettare, fortel Lilly.
Gulrot
Med sprekare kropp og
ein mogleg jentetur til Munchen like om hjørnet har dei seks bestemt seg for å
unne seg litt ekstra tidleg på nyåret.
– Vi skal til Ålesund
på bli-ny dag, fortel Bente. – Det er bestemt. Kanskje òg til Oslo.
Ho ser på sine
trimvenniner og Lilly bryt inn at ein dag med TV2 sin makeup-artist Jan Thomas
frå i Oslo hadde vore på sin plass.
– Uansett så skal vi
i alle fall til bya, bryt trimkollegane inn. – Først Ålesund, så kanskje Oslo.
Trimkonkurransen
starta i november og varer til mars i år, men trimeventyret endar ikkje der.
Dei seks trimmarane er nemleg allereie meir enn innstilte på nye utfordringar.
– Vi har allereie
planar om å vere med på fleire konkurransar, fortel dei. Då håpar sprekingane
at andre frå området slenger seg med på bølgja.
– Det er sosialt,
kjekt og absolutt å anbefale. Vi er i alle fall heilt hekta.

