Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Grepa vert nedlagt trass i gode år


Grepa flytta inn i ny fabrikk i 2002. Fabrikkbygninga er eigd av Mosflata Næringsbygg, eit selskap det Ørsta kommune er hovudaksjonær 

 

Helkama Grepa AS i Ørsta vert nedlagt frå sommaren av. Adm.dir. Sigbjørn Trygve Flø sat heile onsdag kveld i møte med representantar frå leiinga i Finland. - Nedlegginga skjer på trass av at vi har gjort det godt i Noreg. Så for finnane er dette snakk om føre-var-prinsipp, seier Flø.


Flø peikar på det faktum at kvitevarebransjen er tøff og at grepet vert stramma til. Difor ser han ikkje nokon annan grunn for det finske eigarselskapet
Helkama Forste OY at dei legg ned på grunn av eit føre-var-prinsipp.

- På den måten vert det ei styrt avvikling, produksjonen går til vi har fått unna alle leveransane og alle får oppgjer, seier Flø. Han legg til at det same skjer i Finland med fabrikken Helkama Forste OY har der som produserer kjøleskåp og glasdørskap.

Glasdørskapa skal produserast annan stad
Det finske selskapet har bestemt at glasdørskapa, som går til kommersielle forbrukarar som til dømes Coca Cola, skal halde fram i Russland og Ungarn. Kvitevareproduksjonen for den private marknaden vert lagt ned.

Omlag 55 misser jobben
Med nedlegginga av Grepa vil nesten 55 personar misse jobben. Flø har stor tru på at desse vil få seg arbeid att og viser til arbeidskraftmangelen vi har i dag.

Han sjølv sa opp jobben for tre månader sidan.
- Det var ikkje på grunn av at eg trudde Grepa skulle nedleggast, men på grunn av at eg var usamd med den finske leiinga, sa han til mre.no torsdag morgon.

Flø sat i forhandlingar med den finske leiinga onsdag kveld og han forhandla mellom anna for å få best mogleg vilkår for dei som no misser jobben.

Allmøte
Det var onsdag ettermiddag, like før arbeidsdagen skulle avsluttast, at tilsette fekk sjokkmeldinga gjennom eit allmøte. Etter dette gjekk dei heim i sjokk.

Fabrikken vert selt
Når produksjonen er avvikla til sommaren skal produksjonsutstyret seljast.
- Det enklaste hadde vore å selt alt  som ein komplett komfyrfabrikk til ein produsent. Om ikkje det går må den seljast stykkevis og delt, seier Flø.
Han har ikkje svar på om nokon er interessert i å drive fabrikken vidare.

Flø peikar på at fabrikken har gode produkt og har gått med overskot, berre ikkje i 2005, då dei tapte nokre millionar. - Vi har betalt ut mange millionar kroner til finnane i utbytte dei åra vi har vore eigde av dei, opplyser Flø.

Grepa på Mosflata
Grepa vart starta i 1907. Hausten 2002 flytta Grepa til Mosflata og i nytt bygg. Bygget er eigd av Mosflata Næringsbygg og er eigd av Ørsta kommune med 54,54% og Helkama Grepa med 45,45%.

Etter leigeavtalen skal Grepa betale leige for fabrikken til sommaren 2009.

Merkenamnet Grepa vart til Hoover Grepa
Candy group i Italia  inngjekk ein lisensavtale med Helkama Forste OY som galdt frå 1. oktober i 2007. I korte trekk betydde avtalen at Grepa sine produkt skulle seljast under namnet Hoover Grepa. Då avtalen vart inngått heitte det at produktspekteret i all hovudsak ville vere uendra og alle komfyrane kjem framleis til å bli produsert ved fabrikken i Ørsta.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.