
Volda sine 12-årsjenter: Bak frå venstre: Hannah Antvort, Anne M. Egset, Thea Håskjold, Regine Jørgensen, Kristine Haugen, Tiril Eidset, Sigrid Håskjold, Tonje Eidset, Nina Driveklepp, Kristine Meek.
Framme frå venstre: Stine L. Breivik, Vilde M. Kristiansen, Auria Ann Ose, Ann Laurin Ose, Rakel Berg Rusten, Kristina Johnsen, Maria Kolnes, Amalie Botn, Iben Løseth Smith. Trenar :Vidar Egset
Handball J-12: I tolvårsklassa for jenter (jenter født 1995 -96) er det svært mange som spelar handball. VTI-handball har derfor meldt på to lag i seriespel.
Dei heiter då Volda1 og Volda2. Til no i serien har dei to laga til saman spelt heile 24 kampar. Nokre har enda med siger og nokre med tap. Trenar Vidar Egset kan rapportere om ein fin gjeng jenter som har det kjekt og er svært positive. Det står framleis ein del kampar att i seriespelet før eit av årets høgdepunkt står for døra; Shell-cup i Kristiansund i april. Dette gler alle jentene seg stort til.
