
Dei talentfulle
volleyballgutane på U19-laget til KFUM Volda spelar nasjonal rankingturnering i
Oslo denne helga. Målet er å vise kva dei er god for frå første kamp.
I denne nasjonale rankingturneringa på Noregs Idrettshøgskule deltek det volleyballag frå heile landet. Laget får dermed ein god peikepinn på kvar dei står i forhold til andre lag. Og unggutane på KFUM Volda er klare på at dei har tenkt å vere mellom dei aller beste. I så fall er det ein presentasjon dei skal vere svært nøgde med. Det mest vanleg på dei beste laga i U19-klassa, er at det er 18-åringar og 19-åringar på laga. På KFUM Volda er det nesten motsett. Der kan dei aller fleste spele i ei yngre klasse. Berre to på laget er fødde i 1989. Elles er det spelarar som tilhøyrer -92 og 93-årgangane.
Men laget har for lengst vist at dei er på høgde med dei beste. Mellom anna tilseier resultatet frå siste NM at andre lag vil møte dei med stor respekt. Å gjere det godt i denne turnering vil elles vere viktig for alle. Eit viktig mål med turneringa er å skaffe seg best muleg seeding til NM for U19-lag, og eventuelt kvalifisere laget til NM.
