
BokkeReidars Bluesband. Fv.: Magne Slettevoll,
Svein Hunnes, Terje Hanssen, Gunnar Solheim, Klaus Blø, Ivar Kvangardsnes,
Trond Johnsen og Andre Folkestad.
Fredag 28. desember var det BokkeReidars
Bluesband som rula Rokken. Det vart ein julefest med svingande rytmar og høg
mimrefaktor. Og kanskje unødvendig å seie: Fullt hus og stor stemning.
Det var berre kjentfolk å sjå under julebokk, for
den tradisjonelle kvelden med BokkeReidars på scena har blitt fast
juletradisjon for svært mange. Ein Møre snakka med hadde vore på Vassendgutane
kvelden før, men der var det ikkje kjentfolk, noko som betydde at han var nokre
hakk for gamal.
- Då gjekk eg lenge før alle dei unge var komne, sa han.
Men under BokkeReidars var kjentfolka på plass.
- Då vart eg til langt ut i dei små nattetimane, la han til.
På høgget
Når blåserekka i BokkerReidars Bluesband bles opp, og
gitar, orgel, trommer og ein energisk vokalist med ein bluesknekk i stemma hang
seg på, var det ikkje mange som greier å halde seg i ro. Dermed var det fullt
av danseglade folk på golvet framom scena heile kvelden. Og då siste låt ebba
ut var det trampeklapp, for folk ville ha fleire godbitar frå dei blåkledde,
stilige musikarane.
Det er ikkje tvil om at dei åtte karane på scena held koken og leverer musikk med bakgrunn i soul, rythm and blues, jazz og rock med både intensitet, glede og humor. BokkeReidars starta i 1982 og det er ikkje noko å legge skjul på at karane ikkje er ungfolar lenger. Men musikk kan dei og har opparbeidd seg lange musikalske merittlister. No vert dei rekna som det lengstlevande bluesbandet i Noreg.
Karar med erfaring
Det er lenge sidan dei etablert seg som eit av dei mest
hardtsvingande livebanda i Noreg. BokkeReidars Bluesband har vore å høyre både
i klubbsamanheng og under dei store musikkfestivalane, mellom andre Molde Jazz,
Vossa Jazz, Døla Jazz og Atlanterhavsblues. Dei har på ingen måte gitt seg på
festivallivet, men av forklarlege årsaker har det blitt færre, men dei var med
under Lillehammer Bluesfestival i 2006.
I 1997 vart BokkeReidars Bluesband historiske, ved å bli det første bandet i Norge som overførte ein konsert direkte på Internett. Konserten var på Smuget i Oslo, men over 2000 personar fekk med seg det som skjedde via PC'en heime!
Bandet har gitt ut tre albumet, der dei to første var på engelsk. Som Bokkereidarane seier det sjølv så tok det litt tid før dei skjønte at det var mogleg å synge soul på sunnmørsdialekt. Men når det først gjekk opp for dei at dette kunne bli ganske kult, starta dei jobbinga med plata
Mange år med julebokk
Det er lenge sidan BokkeReidarane starta med julebokk, og
dei har hatt den tradisjonelle julefesten mange stader i Volda. Studenthuset,
Porse, Samfunnshuset og no studenthuset Rokken. Faktisk nærmar dei seg
styggfort 20 år med det populære juleinnslaget. I år var det ekstra kjærkome,
for i fjor vart det ikkje julefest.
Heilt nødvendig
To karar i publikumsrekkjene: Ragnar Halkjelsvik og
Johnny Eikrem, er ikkje i tvil om både musikk og julebokk.
- Dette må vi berre ha med oss. Musikken er fengjande og her er berre kjentfolk, seier dei.
Ragnar bur på Skjetten og Johnny på Nordstrand. Sjølv om begge har lokalitet kring tigerstaden er det til Volda dei må for å treffast.
- Å vere her i kveld er kjempeartig, men det er ein liten tankevekkar at det er heim att til Volda vi må for å treffe dei som bur i Oslo, seier Ragnar.

Det er berre heilt nødvendig å få med seg
BokkeReidars Bluesband i romjula, seier Johnny Eikrem, Ragnar Halkjelsvik og
Trond Svendsen.
- Sørgjeleg, men sant, konkluderer Johnny.