
Bak frå venstre:Fredrik Bjørneseth, Øystein Vassbotn, Eivind Vik Henriksen, Trygve Ulvund Solstad, Sindre Dyrhovden og Johannes Fossheim Sætre. Framme frå venstre: Henning Hellebust, Sondre Vassbotn Mork, Pål Henrik Sæten, Oskar Skjåstad Vassbotn og Audun Røed Myklebust. Heilt fremst: Aasmund Aarseth Rotevatn. (Foto:Ove Krumsvik)
Eit av dei er yngste gutelaga som er med i seriespel i VTI-handball er 12-årsgutane. Dei har så langt i sesongen spelt åtte kampar der dei har vunne fem, tapt to og spelt ein uavgjort.
Berre Høddgutane har slått dette laget som blir trena av Ståle Mork. Interessa for gutehandball har auka svært mykje dei to –tre siste åra i Volda. VTI-handball har no lag i både 12, 14 og 16 årsklassa. Dyktige og vaksne trenarar er nok årsaka til framgangen, og dette lovar godt med tanke på rekrutteringa til herrelaget som no spelar i 3.divisjon.