Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Relaterte artiklar:

annonse

Leiteaksjonen er avslutta - ros til leitemannskapa


Lensmann Jostein Vatne i Volda vil rose hjelpemannskapet for innsatsen. Her er det mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps som søkjer gjennom eit område nedanfor Volda sjukehus

Leiteaksjonen etter den 20 år gamle Birgitte Leine Sæter frå Herøy, er avslutta. Kvinna vart funnen død laurdag ettermiddag kl. 14.29 av ei hundeekvipasje frå Norske Redningshundar.

Kvinna vart funnen i skogen ved Rotsetstranda, nesten på vestenden av Rotevatnet.

80 frivillige
Lensmann Jostein Vatne i Volda vil gi ros til det frivillige leitemannskapet.

- Vi har hatt hatt Røde Kors Hjelpekorps-mannskap frå Volda, Ørsta, Syvde, Rovde, Ulstein, Sykkylven og Ålesund, FIG-gruppa, Sivilforsvaret og Heimevernet. Tilsaman har rundt 80 frivillige delteke. Dei fortener stor ros for innsatsen sin, seier Vatne. Han vil også gi stor ros til dei 6 frivillige hundeekvipasjane frå Norske Redningshunder som deltok under aksjonen.

Stor leiteaksjon
Kvinna vart meldt sakna fredag kveld i 19.30-tida og styrkar frå Volda Røde Kors Hjelpekorps gjekk i gong med å leite etter henne. Det vart sett inn helikopter i søket seint fredag kveld, etter at det hadde søkt over ønskja område returnert det til Ålesund. Natt til laurdag, i 01.30-tida, gjekk to hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar inn i søket.

Laurdag morgon vart det sett i gong ein større leiteaksjon.


Det vart brukt helikopter i søket. Her ved austenden av Rotevatnet ved badeplassen i Vassbotnen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.