
Rånaren Palle hadde godt drag på publikum.
I tillegg til ”Kjellen” og rånaren ”Palle”,
introduserte Klypa publikum for den trivlege karen ”Strila-Petter”, ein
gardbrukar og stålarbeidar med slekt i Hardanger. ”Strila-Petter” fortalde til
dømes om gode kjerringråd dersom ein skulle vere så uheldig å møte ein
brennmanet. Publikum kunne levande sjå føre seg hendinga, og dei fleste hadde
nok eit sterkt håp om at dette aldri måtte hende dei!
Sidan førre show har rånaren ”Palle” gått frå
gamal Chevy til stor pickup, for å drive meir rasjonell business. Gjennom denne
sketsjen fekk Ryste spøke litt med sin eigen permisjon frå forsikringsbransjen.
Elles fekk publikum følgje ”Kjellen” på sydentur, ei reise som ikkje gjekk
heilt utan forviklingar. Han måtte handskast med både nærgåande tollarar og eit
flytoalett utan dopapir.
Showet var svært variert. Ryste veksla leikande
lett mellom dei tre ulike karakterane, bunde saman av film på tre storskjermar
slik at alle såg godt. Etter ståande applaus drog Klypa-gjengen i gong eit
ekstranummer av den musikalske sorten. Song og musikk var nemleg ein stor del
av showet, og Ryste imponerte ved å hoppe frå den eine sjangeren til den andre.
I ekstranummeret spelte han endåtil saksofon. Med dette er Klypa sin femte
sesong i gang, og framsyningar både i Ålesund, Bergen og Oslo ventar.

