
Harry Johansen frå Volda er ein av dei som fiskar etter den rømde oppdrettslaksen. Han seier til mre.no han synest det er viktig å få fiske mest mogleg av oppdrettslaksen opp. Johansen brukar dorg, men har observert at dei som brukar garn får mangedobbelt så mykje fisk.
Ekstremveret søndag førte til at det rømde om lag 40.000 laks frå Aqua Farms Vartdal AS sin lokalitet Bjørndal i Ørsta. Fiskeridirektoratet har gitt løyve for fiske etter den rømde fisken og dermed fiskar folk både frå båt og land på Vartdal.
Laksen har ei snittvekt på 2,2 kg, den er frisk og har ikkje fått påvist noko slags sjukdomar, melder oppdrettselskapet i ei pressemelding.
Lokaliteten på Bjørndal består av 12 mærer. Det er frå
eine av desse det er rømt fisk.
- Uveret med kraftig vind og høge bølger har ført til at
innfestingstaua på ei av nøtene truleg har slitna på eine sida. Notveggen på
eine sida har då glide ned slik at fisken har klart å kome seg ut. Anlegget er
sertifisert, nøyaktig årsaksforhold vil bli forsøkt avdekka i samarbeid med
relevante myndigheiter og instansar, seier Aqua Farms Vartdal vidare.
Fiskeridirektoratet er varsla om hendinga. Dei har gitt
løyve til fiske etter den rømde laksen. Området løyvet gjeld for er
Hallefjorden avgrensa vestover til grenselina Larsnes-Åram, Syvdsfjorden,
Rovdefjorden, Voldsfjorden, Dalsfjorden, Ørstafjorden, Vartdalsfjorden, Hjørundfjorden,
Sulafjorden til en grenselinje Eltraneset - Kvitneset og Storfjorden inn til ei
grenseline Skotet-Dyrkorn.
Løyvet gjeld ikkje i fredingssonene i elvemunningane i dette området. Løyvet gjeld handreiskap og garn med nedre maskevidde på 55 millimeter. Villfisk av laks og sjøørret skal setjast ut att.
Direktoratet gjer elles merksam på at i sjøen har grunneigaren einerett til å fiske etter anadrome laksefisk med fastståande bunden reiskap så langt hans grunn går. Rømt oppdrettslaks er å rekne som anadrom laksefisk.
Mottak for fisk
Aqua Farms Vartdal AS har frå og med tysdag etablert
mottak for fisk etter gjenfangst.
- Mottaket er ved pakkeriet Western Seaproducts AS sitt anlegg på Vartdal. Folk kan der fylle ut fangstskjema og levere fisk. Aqua Farms Vartdal AS betaler 15 kr pr kg fisk levert, vert det opplyst.

