Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Fortryllande sommardagar i Volda sentrum

Volda handelsforeining kan med glede presentere tryllekunstnaren Abbadull i år igjen. Han var eit populært innslag førre gong han var i bygda.


Fortryllande sommardagar i Volda” har handelsstanden kalla dagane frå torsdag til laurdag denne veka. Det vert aktivitetar for store og små.

Fyrst ut er ein morosam karaoke-konkurranse på torget i kveld. Konferansierar vert Stine Ingeborg Reite Dimmen og Ida Glomnes. Dei står for underhaldning mellom songane og skal dømme konkurransen. Vinnaren vil stikke av med eit gåvekort på heile 1.000 kroner, som kan nyttast i ein av butikkane som er knytt til Volda handelsforeining. Det vil òg bli gitt ein ”Best in show”-pris, til ein som utmerkar seg under si framføring. Vedkommande vinn gåvekort på 500 kroner. Fredag vil Dagfinn og Rasmus Fløtre spele saxofon og keyboard på Spinneriet, og det vert sett fram gratis kaffi og kaker. På fredag er det òg høve til å få med seg tryllekunstnaren Abbadull på torget, der han har rigga seg til med eige telt. Laurdag har handelsforeininga gitt torget til dansande born. I helga arrangerer nemleg Sunnmøre frilynde ungdomslag i samarbeid med Volda ungdomslag Sunnmørsstemna for born, og dei vil gå i bunadstog og danse for voldingane i sentrum under laurdagshandelen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.