
Her er Johanne Kalland (12) og Adelaine
Kringsæter(12) i stor fart med sikte på å igjen ta ein dukkert.
I helga har folk fått ein smak av sommar og dei mest hardbalne av oss har hoppa i vatnet. Og fineveret skal vare...
At det var mange som måndag kunne leite fram badebuksa var sikkert og visst, for på Årneset regjerte det reine sommaridyllen. Med sol frå ein knallblå, skyfri himmel og varmegradene godt over 20, var det også mange som til slutt måtte ty til ein dukkert for å halde kroppstemperaturen stabil.
