Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

- Denne lagar sjukanta hol!

Torbjørn Strand er ikkje tvil om kva som kan ha laga det sjutagga julestjerneholet på Vikeneset. Ein sekstagga bor frå gamal tid.

Far til Torbjørn Strand, Johan R. Strand, var smed i hamnevesenet all si tid. Han jobba mellom anna som smed på Vikeneset på 40-talet.
- At hamnevesenet måtte ha med smed på anlegga var fordi dei mellom anna måtte lage stamma på borane så lang som nødvendig, fortel Torbjørn.

Kantete hol
- Far fortalde meg at hola kunne bli kantete når dei bora. Det var særleg med dei vassrette hola dette skjedde. Og det som var interessant var det han fortalde om tal kantar. Ein bor med til dømes seks skjer på, altså seks taggar, gav sjukanta hol. Diameteren på boren eg har tatt vare på etter far er 60 mm og den har seks skjer, fortel Strand. – Den vil gi eit sjukanta hol om den får sleng.
Holet på Vikeneset er litt over 60 mm og er svakt skråande, altså meir vassrett enn loddrett.

Johan var også på Bjørnsund og jobba. Oddvar Reite har tipsa Møre om at der er eit liknande hol.

Skylde ut borestøv med vatn

Boren Strand viser fram har eit hol midt i og er kutta av frå eit boreskaft.
- Holet i midten vart det ført vatn gjennom, og det kom frå eit hol som gjekk gjennom heile skaftet på boren. På den måten kunne det både kjøle og skylle bort borestøv frå holet, seier Strand. – Som framdrift til å drive boren rundt med vart det brukt steam, seinare trykkluft.

Stod ei kran

På spørsmål om kva dei skulle bore etter på skrå nedover der holet vart funne, har Sivert Egset ein klar teori.
- Det stod ei stor kran i området der dei har funne holet, den måtte festast skikkeleg. Dette er truleg eit hol til feste for boltane til å halde krana fast med, seier Sivert som hugsar krana på Vikeneset.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.