Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Imponerande ballett


”Slovanic Dances” med nydeleg klassisk ballet opna showet, og kostymene stod for at dansarane verkeleg såg ut som tsjekkiske bondepiker.

Med imponerande 300 dansarar på scena kunne Ørsta og Volda Ballettskule invitere publikum inn til tre førestillingar med årets vårshow i helga. Dansarane tok publikum med storm.

Det er ikkje så mykje anna å seie enn at årets vårshov frå Ørsta og Volda Ballettskule vart ei forrykande framsyning. Framsyninga var delt i tre akter der publikum fekk sjå alt frå klassisk ballett til hip hop. ”Slovanic Dances” med nydeleg klassisk ballett opna det heile. Renàta Vynikalova hadde her koreografert alle dansane utanom dans nummer tre som Tine Rotevatn hadde koreografert.
Andre akta var via til kjærleiken og dets ulike nyansar ”Shades of love”. Dette eit stykke koreografert av Andrea Palmer. Under denne avdelinga tok mellom anna dei unge dansarane fedrene sine med på scena.
Siste akt, ”Evolution”, var ein moderne dans om synet dei gamle grekarane hadde på harmonien mellom dei fire elementa: eld, luft, jord og vatn. Renate Vynikalova stod også for koreografien i dette stykket, medan Jiri Nagy igjen kunne vise til storslått lyssetting og videoprojeksjon.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.