Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Jonas i jungelen på Sæbø

Elevane i 6. og 7. klasse både song og dramatiserte. Kostyma hadde dei laga sjølve.

Tysdag ettermiddag var det framsyning på Bondalen Grendahus. 6. og 7. klasse ved Sæbø Skule framførte teaterstykket Jonas i jungelen. Dei song mange fine songar, og mellom songane spelte dei skodespel.

Stykket Jonas i jungelen handlar om guten Jonas som har astma, og difor får han ikkje lov å ha dyr. Jonas er lei seg, for han vil jo så gjerne ha ein hund. Han ligg og er lei seg i senga si, og plutselig er han midt i ein jungel. Der møter han mange spennande dyr. I jungelen møter Jonas apekatten Alfred, som er redd for å klatre i tre. Men Jonas er fast bestemt på å hjelpe Alfred å lære å klatre.

Framsyninga var flott, med mange fine songar. Kostyma hadde dei laga sjølve, medan kulissene var lånte. Vi fekk møte både elefantar, løver, strutsar, giraffar og mange andre dyr i jungelen. Det var ikkje fullt hus på grendahuset, men det var ein del som hadde tatt turen dit, for å sjå denne forestillinga. Elevane har øvd på dette i lang tid, og dei takka spesielt læraren sin fordi ho har vore så engasjert.


Jonas (t.v.) vart spela av Lisabel Hustad Øvrelid. Stian Jørgensen spelte struts.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.