
Her er det diskusjon om kva det kan vere som har laga holet. Fv: Ingvar Halse, Inge Krumsvik, Lars Tunheim og Ketil Jarl Halse.
I Volda strøymer folk til Vikeneset for å sjå på det merkelege holet.
Det er og blir ei gåte kva som kan ha laga det julestjerneforma holet ein har funne på Vikeneset. Men folk engasjerer seg i kva det kan vere og ideane er mange.
Teoriane går frå fantasifulle forklaringar som veg til dødsriket, meteorhol eller grøne utanomjordiske anleggsarbeidarar til meir akseptable som ein fossil, avtrykk etter ein krystall, mjukare bergartar som har blitt vaska bort av vatn over lang tid eller rett og slett eit borehol laga av ein defekt eller bor med kast i.
Pastor Hans Reite har også tolka holet og ser klart at det er eit teikn frå Gud.
Har du forklaring på det? send ein e-mail til red@mre.no.


