
Tysdag sette gravmaskinførar Ole Gunnar Krøvel den miste steinen med hol gjennom opp, slik at det gjekk an å sjå gjennom den. Holet vi ser er omlag 20 cm langt og går gjennom ei blokk som er brote ut av fjellet, der holet gjekk vidare før steinblokkene vart tekne ut.

Den største steinblokka måler omlag 75 cm og holet går tvers gjenom. Legg merke til dei klare kantane. Innvendig er holet glatt å kjenne på. Holet er litt over 60 mm i diameter.

Den minste steinblokka før den vart sett opp.

Her viser Ole Gunnar Krøvel omlag kvar holet gjekk og korleis det halla nedover mot nord/vest. Steinblokkene som ligg i venstre kant av fotoet stod oppreist der Krøvel står no.

Det er her i dette området ved Vikeneset i Volda det merkelege julestjerneholet vart funne. Berget julestjerneholet gjekk gjennom, stod til høgre for den kvite tanken midt på fotoet.


