
Hans
Reite vart overraska over kor tydeleg den sjutagga stjerneforma er. Han minner
om alle dei leidande sjutalsteikna i Bibelen, og ser også på det uforklarlege
sjutagga holet på Vikeneset som skrift i fjell. Og eit klart teikn frå Gud.
- Når alle verdslege, vitskaplege forsøk på forklaring ikkje kan hjelpe oss lenger, har vi Guds ord. I Bibelen seier Jesus det klart nok: -Dersom de teier, skal steinane tale! Og her ser vi at dei talar, understrekar pastor Hans Reite.
- Alt tyder på at Norge står framfor eit vegskilje når det gjeld å tru på Bibelens ord. Sjølv i kyrkja er det usemje og uro om Guds ord. Dette sjustjerne-holet i fjellet som ingen ekspertar kan forklare, det skal vi derfor ta som eit teikn på at no treng vi å vende om og følgje den leidestjerna som Gud har gitt oss. Dette skal vi ta alvorleg og ikkje le åt, understrekar Reite, like uredd og frimodig som han var då han gjekk med tende faklar mot Kristopher Schau, som gjekk og gøymde seg då Reite ville snakke med han om dei 7 dødssyndene.
- 7-talet er heilagt i Bibelen. Det uforklarlege holet i fjellet i Volda er sjutagga. Og eg må sei at eg vart overraska når eg kom hit og såg det no, og fekk sjå kor klart det var. Derfor gjentek eg det Jesus seier i Bibelen: -Dersom de teier, skal steinane tale. Her har dei talt, konkluderer han. Og seier seg spesielt glad for at dette teiknet vert vist i Volda.
-
Tid for dette teiknet!
-
Eg trur også det er eit teikn at dette stjerneteiknet i fjell vert vist oss no
i innleiinga til advendtstida. Det er tida for å vente på Frelsaren. Søndag
talte eg på Frelsesarmeen, og eg fekk ei klar påminning om å tale om at Jesus
er vår leidestjerne, slik det står i Matteus-evangeliet. I vårt materealistiske
samfunn er dette meir og meir blitt fortrengt og gløymt. Derfor måtte vi få
dette teiknet. Hugs på at dei vise menn let seg leide av den sjutagga stjerna,
og fann at det vart fødd ein Frelsar. Eg er overtydd om at denne sjutagga
stjerna i fjell er eit teikn til det norske folk om å kome oss innatt på den
vegen Han har vist oss. Og klarare enn dette kan det ikkje seiast. Det er Guds
finger.


