
Skytebas i K. A. Aurstad, Erik Tore Rangsæter
(tv), prøvde å lage eit stjerneforma hol med å bruke slagbor. Men han måtte gi
opp. Her er han saman med Kjetil Osvoll ved det merkelege stjerneholet på
Vikeneset.
Skytebas i K. A. Aurstad prøvde måndag å lage eit stjerneforma hol med dagens moderne utstyr. Han måtte gi seg etter 10 cm.
Etter at fleire skytebasar har slått hovuda saman i helga, har dei prøvt ei sjutagga 2,5" borekrune i stjerneholet ved Vikeneset. Og borekruna passa godt i stjerneholet. Dermed var teorien at ein skulle kunne bore eit hol med berre å bruke slag, istaden for å la boren gå rundt. Etter ein gjennomgang med problemstillingar ein då kunne få vart skytebasane samde om at ein truleg greidde å lage eit hol med 30-40 cm lengde.
Måndag sette skytebasen i K. A. Aurstad teorien ut i praksis. Han prøvde det på fjell av omlag same kvalitet som fjellblokkene på Vikeneset.
Og resultatet?
Etter 10 cm måtte han gi seg. Då var det ikkje mogleg å kome lenger inn i fjellet.
Likevel trur skytebasen mest på at holet er menneskeskapt.
Men det er mange teoriar om kva som kan ha laga holet.


